Invitasjon til ope årsmøte og seminar

Tid: 10.februar 2016 kl. 17.00

Stad: Møterom 1 på Statens hus i Lagårdsveien 44 i Stavanger

 

Rogaland Skognæringsforum inviterer til ope årsmøte for alle interesserte onsdag 10. februar på Statens hus i Stavanger. Dagens klimautfordring krev et grønt skifte, og det er skog- og trenæringa i Rogaland klar for. Vi vil ha meir offentlege bygg i tre, betre infrastruktur for skogbruket, meir lokal verdiskaping og fleire arbeidsplassar i dei grøne næringane våre. Kom på seminar for å få vite meir og bli med oss inn i det grøne skiftet!

Ordførere for tre er ein aksjon der ordførarane blir einige om å alltid vurdera kommunale og fylkeskommunale bygg i tre. På den måten kan vi få funksjonelle, klimavenlege bygg som skapar verdiar og arbeidsplassar lokalt. Aksjonen starta i Rakkestad kommune i 2015 og ordføraren der; Ellen Solbrække skal presentera aksjonen for oss.

Rekordstore beløp blir brukt på  infrastrukturen i skogbruket i år, også til glede for andre næringar. Kystskogbruket har laga eit infrastrukturprogram som skal gå over dei neste 25 åra i kystfylkene, dette vil ha mykje å seie for Rogaland som er eit av dei fylka med dårlegast infrastruktur i dag.

 

Program

17.00 Velkommen ved leiar Olaf Gjedrem

17.15 Årsmøte

18.15 Servering av enkel mat og drikke

19.00 Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal: Skog- og trenæringa

19.15 Ellen Solbrække: Ordførere for tre – kommunale og fylkeskommunale bygg i tre

20.00 Helge Kårstad: Kva skal vi gjere for å følgje opp infrastrukturprogrammet            i Rogaland?

20.20 Mikal Nordbø: Riska sagbruk – eit døme på lokal verdiskaping

Leave a Reply