OM OSS

Vedtektene seier at

«Rogaland skognæringsforum er ein interesseorganisasjon for skogsektoren i Rogaland. Føremålet er å styrka og utvikla skognæringa i Rogaland. Forumet skal gi dei ulike verdikjedene i skognæringa ei felles stemme i samfunnet.»

 

«Organisasjonar, lag, firma og enkeltpersonar knytt til skog- og trerelatert næringsliv, kunnskapsmiljø eller verkemiddelapparat kan vere medlemmer av Rogaland skognæringsforum.»

 

Nettverkssamarbeid

Rogaland skognæringsforum er eit ledd i utviklinga av nettverksamarbeidet Kystskogbruket. Kystskogbruket er bygd opp omkring tre hovudnettverk:

 

  • Skognæringa Kyst
  • Fylkeskommunalt program
  • Fylkesmannsnettverket

Skognæringa Kyst er overbygningen for dei fylkesvise skognettverka. Rogaland skognæringsforum er eitt av ni fylkesvise skognettverka (Nord- og Sør-Trøndelag har eit felles skognettverk), og er såleis ei viktig brikke i det store nettverket Kystskogbruket.

 

Stifting

Rogaland skognæringsforum blei stifta 24. august 2011 i Stavanger. Då hadde eit interimstyre førebudd stiftinga sidan 1. juni 2010. Fylkesmannen ved prosjektleiar Christen Egeland heldt sekretariat for skognæringsforumet.

Leave a Reply