VEDTEKTER

Vedtekter for Rogaland skognæringsforum

 

 

§ 1 Formål

Rogaland skognæringsforum er ein interesseorganisasjon for skogsektoren i Rogaland. Føremålet er å styrka og utvikla skognæringa i Rogaland. Forumet skal gi dei ulike verdikjedene i skognæringa ei felles stemme i samfunnet.

 

 

§ 2 Medlemmer

 Organisasjonar, lag, firma og enkeltpersonar knytt til skog- og trerelatert næringsliv, kunnskapsmiljø eller verkemiddelapparat kan vere medlemmer av Rogaland skognæringsforum.

 

Alle medlemmer har røysterett og kan veljast til tillitsverv i forumet.

 

 

§3 Organisering

Rogaland skognæringsforum sitt høgaste organ er årsmøtet. Skognæringsforumet leiast og driftast av styret.

 

 

§ 4 Styret

Samansetjing

Rogaland skognæringsforum skal ha eit styre på 4 medlemmer.  Fleire interessegrupper skal vere representert i styret.  Styret skal ha to vararepresentantar.

Styremedlemmer har ei funksjonstid på 2 år, vararepresentantar eitt år.

 

Attval av styremedlemmer for meir enn to periodar i styret krev motkandidat.

 

Styreleiar og nestleiar blir valte for eitt år blant styremedlemmene.

 

Styret er vedtaksdyktig når minst to er til stades, herav leiar eller nestleiar. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbeltstemme.

 

Det skal førast møtebok for styret sitt arbeid.

 

 

Gjeremål

Styret leiar arbeidet i forumet og skal arbeida for å oppfylla formålsparagrafen, herunder også å ta vare på skognæringsforumet sine interesser og forvalta forumet sine midlar.

 

 

 

Styret skal

–          Vera ei drivkraft for vidareutvikling og auka verdiskaping innan skognæringa

–          Gi innspel og ta initiativ til tiltak for å nå skognæringsforumet sine mål

–          Gi næringspolitiske innspel

–          Vera høyringsinstans på område som vedkjem skognæringa

–          Gi skognæringa eit ansikt ut i samfunnet

–          Utvikla nettverk i næringa

 

Styret førebur årsmøtet og legg fram for dette årsmelding, revidert rekneskap.

 

Styret skal utarbeida ei oversikt over prioriterte arbeidsoppgåver for det kommande året og eit årsbudsjett.

 

Styret engasjerer personar og kompetanse etter behov og ressurstilgang.

 

 

§ 5 Årsmøte

Årsmøte skal haldast kvart år til tid og stad som styret avgjer. Innkalling skal vera skriftleg og med minst 3 vekers varsel.  Fullstendig saksliste må vera tilgjengeleg for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet.

 

Årsmøtet leiast av ein valt møteleiar.

 

Kvart medlem har éi stemme. Styremedlemmer har ikkje røysterett når det gjeld årsmelding og rekneskap.

 

Det ligg til årsmøtet å:

 

1)      godkjenna innkalling og sakliste

2)      velja møteleiar og to til å skriva under møteboka

3)      behandla styret si årsmelding og rekneskap

4)      velja

a)      to medlemmer til styret kvart år – første gong etter loddtrekning

b)      eitt varamedlem til styret kvart år

c)      styreleiar og nestleiar for eitt år blant styremedlemmene

d)      to personar til valnemnd for to år – og velja leiar blant desse

e)      revisor

5)      fastsetja godtgjersler til styret

6)      fastsetja kontingent

7)      behandla saker fremma av styret

8)      behandla innkomne saker

9)      vedta budsjett og arbeidsplan for kommande år

Vedtak skjer med simpelt fleirtal.

 

Det skal førast møtebok, som underteiknast av møteleiar og minst to medlemmer valde på årsmøte blant dei frammøtte røysteføre.

 

Ekstraordinært årsmøte kan kallast saman når styret finn det nødvendig, eller når det blir kravd av minst 1/3 av medlemmene.  Innkalling og gjennomføring skjer på lik måte som for ordinære årsmøte.

 

§ 6 Vedtektsendringar

Vedtektene kan endrast på årsmøtet med 2/3 fleirtal.

 

Forslag til oppløysning av Rogaland skognæringsforum skal leggjast fram for årsmøtet. Blir forumet oppløyst, skal eventuelle midlar overførast til Skogselskapet i Rogaland. Midlane skal nyttast til beste for skogbruket i Rogaland.

 

Forslag til endringar må vera sendt medlemmene med minst tre vekers varsel.

 

§ 7 Oppstart

Desse vedtektene er vedtatt på stiftingsmøtet for Rogaland skognæringsforum den 24. august 2011 og gjort gjeldande som Rogaland skognæringsforum sine vedtekter frå same dato.

Leave a Reply