MØTEPROTOKOLL

 

Protokoll

Ope årsmøte for 2016 i Rogaland skognæringsforum

20.04.2017 kl. 16.30-18.00 i Pedersgata 32 C, Stavanger

Til stades

Tårn Sigve Schmidt Vestskog/Aktivt Skogbruk
Svein Myklebust Rogaland Treforum
Karl Ludvig Ådland Nærenergi
Hallvard Bakka Skogselskapet i Rogaland
Sigmund Havn Tysvær kommune
Svein Kjetil Rønnevik Rønnevik sag
Rune Skjørestad Riska sagbruk
Geir Skadberg Fylkesmannen i Rogaland
Olaf Gjedrem Rogaland Skognæringsforum
Lars Slåttå Kystskogbrukt
Stein Bomo Fylkesmannen i Rogaland
Ingeborg Anker-Rasch Fylkesmannen i Rogaland
Elisabeth Schmidt Fylkesmannen i Rogaland
Gerd Inger Aarnes Rogaland Skognæringsforum
Ola Njå Jæren Skoglag
Rønnaug Foss Alsvik Tjøstheim gard

 

Til saman 16 personar var tilstade på møtet.

 

 

Sak 1/2017 Godkjenning av innkalling og saksliste

Innkalling og saksliste vart godkjent utan merknader

 

Sak 2/2017 Val av møteleiar og to til å skrive under møteboka

Olaf Gjedrem blei valt som møteleiar.

Hallvard Bakka og Svein Kjetil Rønnevik ble valt til å skrive under møteboka.

Gerd Inger Aarnes skreiv protokoll frå årsmøtet.

Det har ikkje blitt verva mange medlemmer til forumet. Alle frammøtte blei rekna som røysteføre.

 


 

Sak 3/2017 Årsmelding og rekneskap for 2016

Hovudpunkta frå årsrapport for 2016 blei gjennomgått av sekretæren, Gerd Inger Aarnes.

Vedtak: Årsrapport frå 2016 blei vedtatt utan merknader.

Sekretæren gjekk også gjennom rekneskapen. Rekneskapen har i 2016 blitt ført som ein prosjektrekneskap under Skogselskapet.

Vedtak: Rekneskapen blei vedtatt utan merknader

 

Sak 4/2017 Val

Årsmøtet 2015 valde Rune Skjørestad og Lars Slåttå til valnemnd.

Valnemnda innstilte følgjande personar til styre og varamedlemmer, styreleiar og nestleiar:

 

Styre:

  • Olaf Gjedrem – attval
  • Karl Ludvig Ådland – attval
  • Mikal Nordbø – ny

Varamedlemmer:

  • Rønnaug Foss Alsvik – ny
  • Svein Myklebust – ny

 

Leiar og nestleiar:

Leiar:

  • Olaf Gjedrem – attval

Nestleiar:

  • Jan Ivar Rødland – attval

 

Vedtak: Valnemndas innstilling blei einstemmig vedtatt.

 

Revisor

Rekneskapen blir ført som ein prosjektrekneskap hos Skogselskapet i Rogaland og blir revidert som del av rekneskapen til Skogselskapet. Rekneskapsførar er Kristian Hodne AS, og revisor er Reidar Sund Revisjon AS.

 

Vedtak: statsautorisert revisor Reidar Sund blei valt til revisor for forumet.

 

Merknad fra valnemnda: Valnemnda vil rå til at vedtektene blir gjennomgått og justert. Det er bl.a. nokre inkonsekvensar mellom paragrafar. Det bør også utarbeidast ein enkel instruks for valnemnda.

 

Vedtak:

  • Olaf Gjedrem og Karl Ludvig Ådland blei gjenvalt som styremedlem for to år.
  • Mikal Nordbø blei valt som styremedlem for to år
  • Rønnaug Foss Alsvik og Svein Myklebust blei valde som varamedlemmer.
  • Olaf Gjedrem blei valt som styreleiar og Jan Ivar Rødland som nestleiar.

 

  • Rune Skjørestad blei gjenvalt til valnemda. Lars Slåttå hadde sittet eit år og har difor eit år igjen.
  • Reidar Sund, som er revisor for Skogselskapet i Rogaland, blei valt til revisor for forumet.
  • Merknaden frå valnemnda blir tatt opp som sak på neste styremøte.

 

Alle val skjedde ved akklamasjon.

 

Sak 5/2017 Fastsetja godtgjersler til styret

Styremedlemmer og varamedlemmar får dekka reiseutgifter og kompensasjon for direkte tap på å delta på møte med forumet, men det er ikkje utbetalt honorar.

 

Vedtak:

Likt som før.

 

Sak 6/2017 Fastsetja kontingent

Skognæringa Kyst SA har gjort vedtak om felles opplegg for kontingent for Skognæringa Kyst og det enkelte skognæringsforum. Kontingenten skal delast 50/50.

 

Skognæringa Kyst SA vedtok følgjande  årskontingent/serviceavgift for 2016/2017:

  1. Småskala entreprenørar og bedrifter: kr      500
  2. Ideelle organisasjonar: kr   1 000

III.            Mellomstore bedrifter:                                                      kr   5 000

  1. Store aktørar/bedrifter:                   kr 10 000
  2. Støttemedlemskap: kr   1 000

 

Vedtak:

Kontingent slik den er bestemt av Skognæringa kyst blei vedtatt.

 

Sak 7/2017 Budsjett og arbeidsplan for 2017

Ein arbeidsplan og budsjett blei presentert.

Årsmøtet diskuterte andre moglege aktivitetar i planen:

  • Knytte kontakt med lag, organisasjoner og bedrifter som det kan være aktuelt å samarbeide med.
  • Blåse liv i Rogaland treforum
  • Forsøke å få i gang et tredriverprosjekt i fylket.
  • Forsøke å få meir midlar inn til forumet.

Vedtak:

Arbeidsplanen blir godkjent med dei merkandene som kom fram. Budsjett blei godkjent, men med merknaden om styrke inntektssida.

 


 

Sak 8/2017 Eventuelt

Ingen saker blei tatt opp under eventuelt

 

 

Protokollen godkjent:

 

 

Hallvard Bakka

 

Svein Kjetil Rønnevik

Protokoll

Ope årsmøte og seminar for 2015 i Rogaland skognæringsforum

10.02.2016 kl. 17-21 i Statens hus, Lagårdsveien 44, Stavanger

Til stades

Navn
Solveig Ege Tengesdal Fylkesordfører
Ellen Solbrække Ordfører Rakkestad kommune i Østfold
Torkel Myklebust Rogaland Fylkesting
Helge Kårstad Kystskogbruket
Geir Ims Ryfylke IKS
Geir Skadberg Konst. Landbruksdirektør

Fylkesmannen i Rogaland

Stein Bomo Seniorrådgiver, skog

Fylkesmannen i Rogaland

Elisabeth Schmidt Rådgiver, skog

Fylkesmannen i Rogaland

Ingeborg Anker-Rasch Fylkesmannen i Rogaland
Hans-Petter Tønnesen Eigersund og Bjerkreim kommuner
Svein Myklebust Rogaland Treforum
Tårn Sigve Schmidt Vestskog SA
Lars Slåttå Kystskogbruket
Hallvard Bakka Skogselskapet i Rogaland
Rune Skjørestad Riska sagbruk
Rasmus Pollestad Byggmester JG Sørensen og Rogaland Treforum
Erik Faye-Schjøll Skogselskapet i Rogaland
Jone Hagalid Norsk Juletreservice AS
Hanne Sundbø Skogeigar
Per Helle Aktivt Skogbruk
Christina Clausen Tveit vgs
Sofie Hansen Tveit vgs
Anders Skjøllingstad Tveit vgs
Olaf Gjedrem Rogaland Skognæringsforum
Jan Ivar Rødland Rogaland Skognæringsforum
Karl Ludvig Ådland Rogaland Skognæringsforum
Randi Birkeland Rogaland Skognæringsforum
Mikal Nordbø Rogaland Skognæringsforum
Gerd Inger Aarnes Rogaland Skognæringsforum
Kjetil Skartland Rogaland Skognæringsforum

 

Til saman 30 personar var tilstade på møtet.

 

 

 

 

Sak 1/2016 Godkjenning av innkalling og saksliste

Innkalling og saksliste vart godkjent utan merknader

 

Sak 2/2016 Val av møteleiar og to til å skrive under møteboka

Olaf Gjedrem blei valt som møteleiar.

Ingeborg Anker-Rasch og Hans-Petter Tønnessen ble valt til å skrive under møteboka.

Gerd Inger Aarnes skreiv protokoll frå årsmøtet.

Det har ikkje blitt verva mange medlemmer til forumet. Alle frammøtte blei rekna som røysteføre.

 

Sak 3/2016 Årsmelding og rekneskap for 2015

Årsrapport for 2015 var delt ut og hovudpunkta blei gjennomgått av sekretæren, Gerd Inger Aarnes.

Vedtak: Samrøystes vedtatt.

Sekretæren gjekk også gjennom rekneskapen. Rekneskapen har i 2015 blitt ført som ein prosjektrekneskap under Skogselskapet.

Vedtak: Samrøystes vedtatt utan merknader.

 

Sak 4/2016 Val

Årsmøtet 2014 valde Rune Skjørestad og Sigvald Nodland til valnemnd. Jan Ivar Rødland sin periode i styret gikk ut etter to år og varamedlemmane Kjetil Skartland og Mikal Nordbø hadde sitte eit år. Varamedlemmar blir valt kvart år. Valnemnda forslo attval av dei tre.

 

Vedtak:

  1. Jan Ivar Rødland blei gjenvalt som styremedlem for to år.
  2. Kjetil Skartland og Mikal Nordbø blei attvalde som varamedlemmer.
  3. c)  Olaf Gjedrem blei valt som styreleiar og Jan Ivar Rødland som nestleiar.

 

 

Valnemnd

 

  1. d) Rune Skjørestad har sitte eit år i valnemnda og har difor eit år igjen. Til nytt medlem i valnemnda blei valt Lars Slåttå. Rune Skjørestad blir leiar av valnemnda.

 

Revisor

Reidar Sund, som er revisor for Skogselskapet i Rogaland, blei valt til revisor for forumet.

 

Alle val skjedde ved akklamasjon.

 

Sak 5/2016 Fastsetja godtgjersler til styret

Styremedlemmer og varamedlemmar får dekka reiseutgifter og kompensasjon for direkte tap på å delta på møte med forumet, men det er ikkje utbetalt honorar.

 

Vedtak:

Likt som før.

 

Sak 6/2016 Fastsetja kontingent

Skognæringa Kyst SA har gjort vedtak om felles opplegg for kontingent for Skognæringa Kyst og det enkelte skognæringsforum. Kontingenten skal delast 50/50.

 

 

Skognæringa Kyst SA vedtok følgjande  årskontingent/serviceavgift for 2015/2016:

  1. Småskala entreprenørar og bedrifter: kr      500
  2. Ideelle organisasjonar: kr   1 000

III.            Mellomstore bedrifter:                                                      kr   5 000

  1. Store aktørar/bedrifter: kr 10 000
  2. Støttemedlemskap: kr   1 000

 

Vedtak:

Kontingent slik den er bestemt av Skognæringa kyst blei vedtatt.

 

Sak 7/2016 Budsjett og arbeidsplan for 2015

Ein enkel arbeidsplan og budsjett blei presentert. Årsmøtet ville gjerne ha med medlemskontingent i finansieringsplanen.

 

Vedtak:

Arbeidsplanen blir godkjent utan merknader. Budsjett blei godkjent med merknaden nemnt over.

 

Sak 8/2016 Eventuelt

 

Protokollen godkjent:

 

 

Ingeborg Anker-Rasch                                                                                            Hans-Petter Tønnesen

Protokoll

Ope årsmøte for 2014 i Rogaland skognæringsforum

10.02.2015 kl. 16.00 – 19.00 i Statens hus, Lagårdsveien 44, Stavanger

Til stades

Hallvard Bakka

 

Styret, leiar – Skogselskapet i Rogaland
Sigvald Nodland

 

Styret, – Bio Dalane AS
Jan Ivar Rødland

 

Styret, nestleiar – Vestskog SA
Johnny Hadland

 

Jæren Skoglag AS
Karl Ludvig Ådland

 

Nærenergi AS
Kjetil Skartland

 

Skartland sag
Hans Petter Tønnesen

 

Skogbrukssjef Eigersund, Bjerkreim og Sokndal
Lasse Helleren

 

Entreprenør, Dalane
Lloyd Vaule

 

Entreprenør, Jæren
Olaf Gjedrem

 

Skogeigar
Stein Bomo

 

Fylkesmannen i Rogaland
Tårn Sigve Schmidt

 

Aktivt Skogbruk
Vidar Rørvik

 

Taubaneentreprenør
Svein Alsvik Juletreprodusent
Rønnaug Alsvik Juletreprodusent
Lars Slåttå Fylkesmannen i Rogaland
Gerd Inger Aarnes Sekretær skognæringsforumet

 

Til saman 17 personar var tilstade på møtet.

 

 

 

Hallvard Bakka, styreleiar, opna møtet ved å ta ein kort gjennomgang av kva som hadde skjedd på skogfronten i meldingsåret. Styreleiaren tok opp at det kjem ulike signal til næringa, både positive og negative. Slik har det vore i 2014 også. Han sa vidare at Rogaland skognæringsforum er heldige som har sekretær, som kan leggja fram saker, og ta dei vidare etter styrebehandling. Av oppgåver som må jobbast meir med, nemnte Bakka kontakten mot fylkespolitikarane og flaskehalsar på offentlege vegar.

 

Sak 1/2015 Godkjenning av innkalling og saksliste

Innkalling og saksliste vart godkjent utan merknader

 

Sak 2/2015 Val av møteleiar og to til å skrive under møteboka

Hallvard Bakka blei valt som møteleiar.

Tårn Sigve Schmidt og Johnny Hadland ble valt til å skrive under møteboka.

Gerd Inger Aarnes skreiv protokoll frå årsmøtet.

Rogaland skognæringsforum har ikkje i 2014 prioritert å gå aktivt ut for å verva medlemmer. Alle frammøtte blei difor rekna som røysteføre.

 

Sak 3/2015 Årsmelding og rekneskap for 2014

Årsrapport for 2014 var delt ut og hovudpunkta blei gjennomgått av sekretæren, Gerd Inger Aarnes.

Vedtak: Samrøystes vedtatt med nokre tilføyingar som blei tatt opp i møtet

Sekretæren gjekk også gjennom rekneskapen. Rekneskapen har i 2014 blitt ført som ein prosjektrekneskap under Skogselskapet. Dette er både trygt og kostnadseffektivt.

Vedtak: Samrøystes vedtatt utan merknader.

 

Sak 4/2015 Val

Årsmøtet 2013 valde Tårn Sigve Schmidt (Aktivt Skogbruk) og Jon Arne Eikeland (sagbruk) til valnemnd. Eikeland blei forhindra i å delta; difor stilte Rune Skjørestad (sagbruk) i staden. Hallvard Bakka, Sigvald Nodland og Svein Alsvik stiller ikkje til attval. Svein Kjetil Rønnevik hadde eitt år igjen, men har trekt seg. Markus Junge har ikkje møtt siste året. På denne bakgrunn føreslo valnemnda nye styremedlemmer og varamedlemmer.

 

Vedtak:

  1. Olaf Gjedrem, Randi Birkeland og Karl Ludvig Ådland blei valt inn i styret for to år.
  2. Kjetil Skartland og Mikal Hetland blei valde som varamedlemmer.
  3. c)  Olaf Gjedrem blei valt som styreleiar og Jan Ivar Rødland som nestleiar.

 

 

 

 

Valnemnd

 

  1. d) Til valnemnda blei det trekt lodd mellom Rune Skjørestad og Tårn Sigve Schmidt – med resultat at Tårn Sigve Schmidt går ut av valnemnda. Til nytt medlem i valnemnda blei valt Sigvald Nodland. Rune Skjørestad blir leiar av valnemnda.

 

Revisor

Reidar Sund, som er revisor for Skogselskapet i Rogaland, blei valt til revisor for forumet.

 

Alle val skjedde ved akklamasjon.

 

Sak 5/2013 Fastsetja godtgjersler til styret

Styremedlemmer og varamedlemmer får dekka reiseutgifter, men det er ikkje utbetalt honorar eller tapt arbeidsforteneste. Valnemnda føreslår at styremedlem som har direkte tap på å delta på møte med forumet skal kunna få dette dekka. Til dømes om dei må betale for avløysar for å delta på eit møte.

 

Vedtak:

Styremedlemmer og varamedlemmer får dekka nødvendige reisekostnadar i samband med aktivitetar knyta til  Rogaland Skognæringsforum. Dei kan også få refundert utgifter som oppstår ved å delta på møte med forumet; til dømes om dei må ha avløysar.

 

Sak 6/2013 Fastsetja kontingent

Skognæringa Kyst SA har gjort vedtak om felles opplegg for kontingent for Skognæringa Kyst og det enkelte skognæringsforum. Kontingenten skal delast 50/50.

 

Skognæringa Kyst SA vedtok følgjande  årskontingent/serviceavgift for 2013/2014:

  1. Småskala entreprenørar og bedrifter: kr      500
  2. Ideelle organisasjonar: kr   1 000

III.            Mellomstore bedrifter:                                                      kr   5 000

  1. Store aktørar/bedrifter: kr 10 000
  2. Støttemedlemskap: kr   1 000

 

Vedtak:

Kontingent slik den er bestemt av Skognæringa kyst blei godkjent.

 

Sak 7/2013 Budsjett og arbeidsplan for 2015

Ein enkel arbeidsplan blei presentert, og årsmøtet ville også ha med desse aktivitetane i arbeidsplanen:

  • Prøve å påverke Fylkesmannen til å tilsette ein ny fagperson på skog etter at Lars Slåttå som no er fylkesskogssjef går av.
  • Arbeide opp mot politikarane og prøve å påverke dei.
  • Ta tak i flaskehalsundersøkinga og lage eit dokument partane kan samlast om, slik som det blei gjort med rapporten Aktuelle utbyggingsprosjekt av tømmerkaiar i Rogaland, der vi løfter opp visse flaskehalsar som bør bli prioritert.

Vedtak:

Arbeidsplanen blir godkjent med merknader nemnt over. Budsjett blei godkjent utan merknader.

 

Sak 8/2013 Eventuelt

Jan Ivar Rødland takka av med blomster dei som gjekk ut av styret for stor innsats og entusiasme over fleire år.

Jan Ivar Rødland, som også er styreleiar i Skognæringa Kyst SA, hadde ei interessant orientering om arbeidet i Skognæringa Kyst. Rødland viste at partnarskapen mellom næringa, fylkeskommunane og fylkesmennene har bore frukter. Han sa også at utfordringane er mange og behovet for ein samlande stemme i kystskogbruket så absolutt er til stades.

Lars Slåttå presenterte hovudpunkt frå SKOG22-strategien som nyleg blei overlevert statsråd Sylvi Listhaug i Landbruks- og matdepartementet og statssekretær Lars Jacob Hiim i Nærings- og fiskeridepartementet. Sjølv om strategien held seg på eit overordna nivå, vil den truleg vera førande for mange sider av skogpolitikken dei næraste åra. Strategirapporten vil dessutan liggja i botn når ny Melding om kystskogbruket blir lagt fram i april.

 

Protokollen godkjent:

 

 

Tårn Sigve Schmidt                                                                                                  Johnny Hadland

Protokoll

Ope årsmøte 2013 i Rogaland skognæringsforum

29.10.2013 kl. 17.00 – 20.00 i Statens hus, Lagårdsveien 44, Stavanger

Tilstades

Hallvard Bakka (styreleiar) Skogselskapet i Rogaland
Jan Ivar Rødland (nestleiar styret) Vestskog SA
Sigvald Nodland (styret) Bio Dalane as
Svein Kjetil Rønnevik (styret) Rogaland bygdesagforening
Svein Alsvik ( vara til styret) Norsk pyntegrønt/Vestkog SA
Vidar Rørvik taubaneentreprenør
Åsmund Bakka Bakka sag
Egil Fosse Mossige sag
Trygve Håland flisprodusent
Tårn Sigve Schmidt Aktivt Skogbruk
Jon Arne Eikeland Eikeland sag
Noralf Eikeland Eikeland sag
Per Lauvås juletreprodusent
Sigurd Terland Egersund skog- og treplantingsselskap
Gerd Inger Aarnes Sekretær skognæringsforumet
Lars Slåttå fylkesskogsjef
Stein Bomo fylkesskogmeister
Ole Olsen Norsk trevare og Thor Meling trevarefabrikk
Kjersti Kinderås Skognæringa kyst SA

 

Til saman 19 personar var tilstade på møtet.

Sak 1/2013 Godkjenning av innkalling og saksliste

Innkalling og saksliste vart godkjent utan merknader

 

Sak 2/2013 Val av møteleiar og to til å skrive under møteboka

Hallvard Bakka ble valt som møteleiar.

Tårn Sigve Schmidt og Svein Kjetil Rønnevik ble valt til å skrive under møteboka.

Rogaland skognæringsforum blei danna i 2011 med eit fåtals medlemmer. Forumet har ikkje vore aktivt som medlemsorganisasjon. Alle frammøtte blei difor rekna som røysteføre.

 

 

Sak 3/2013 Behandle styret si årsmelding og rekneskap?

Rapport for 2010 til 2013 var delt ut og hovudpunkta gjennomgått. Denne var i staden for årsmelding, då det ikkje var blitt laga årsmelding i tidlegare år.

Vedtak: Einstemmig vedtatt

Rekneskap

Forumet har ikkje ført eigen rekneskap då forumet ikkje har hatt ein sjølvstendig økonomi til no.  Dei fleste utgiftene er dekka gjennom prosjektorganisert arbeid der andre har vore formelle prosjekteigarar.

 

Sak 4/2013 Val

Rogaland skognæringsforum har til no ikkje hatt valnemnd, og styret har difor komme med framlegg til nødvendige val. Styret føreslår attval på både styremedlemmer og varamedlemmer, men slik at Hallvard Bakka og Sigvald Nodland blir valde for eitt år medan Jan Ivar Rødland og Svein Kjetil Rønnevik blir valde for to år.

Vedtak:

a)      Hallvard Bakka og Sigvald Nodland blei attvalde i styret for eitt år

a)      Jan Ivar Rødland og Svein Kjetil Rønnevik blei attvalde i styret for to år

                b)   Marcus Junge og Svein Alsvik blei attvalde som varamedlemmer.

                c)   Hallvard Bakka blei attval som styreleiar og Jan Ivar Rødland som nestleiar

Valnemnd

Det kom frå salen forslag på Tårn Sigve Schmidt og Jon Arne Eikeland.

Vedtak:

d)      Tårn Sigve Schmidt og Jon Arne Eikeland blei valde som valnemnd. Tårn Sigve Schmidt blei   vald til leiar av valnemnda.

Revisor

Forumet har pt. ikkje eigen rekneskap, og styret ser difor ikkje behov for eigen revisor på nåverande tidspunkt.

Vedtak:

                e)  Det blir ikkje vald revisor i denne omgang

Alle val skjedde ved akklamasjon.

 

Sak 5/2013 Fastsetja godtgjersler til styret

Styret og varamedlemmer har til no fått dekka reisekostnader, men det er ikkje utbetalt honorar. Det blei føreslått at denne ordninga held fram også kommande år.

 

Vedtak:

Styremedlemmer og varamedlemmer får dekka nødvendige reisekostnadar i samband med aktivitetar knyta til  Rogaland Skognæringsforum.

 

Sak 6/2013 Fastsetja kontingent

Skognæringa Kyst SA er no stifta. Dette er ein overbygning for skognæringsforuma langs kysten. Skognæringa Kyst SA har gjort vedtak om felles opplegg for kontingent for Skognæringa Kyst og det enkelte skognæringsforum. Kontingenten skal delast 50/50.

 

Skognæringa Kyst SA vedtok følgjande  årskontingent for 2013/2014:

I.             Småskala entreprenørar og bedrifter:   kr      500

II.            Ideelle organisasjonar:                                                kr   5 000

III.          Mellomstore bedrifter:                                               kr   5 000

IV.          Store aktørar/bedrifter:                              kr 10 000

V.           Støttemedlemskap:                                      kr   1 000

 

Forslag til vedtak: Rogaland skognæringsforum samtykkjer i oppsettet for kontingent frå Skognæringa Kyst SA.

 

Vedtak:

Kontingent slik den er bestemt av Skognæringa kyst blei godkjent.

 

Sak 7/2013 Vedta budsjett og arbeidsplan for kommande år

Arbeidsplan ble presentert som ein fleksibel plan som kan endrast undervegs når det skjer ting. Konkrete arbeidsoppgåver inkluderar rapport om aktuelle virkesterminaler, innspel til klimaskograpport, juletrekampanje og diverse mediautspel.

Vedtak:

Denne vart godkjent med mindre merknader.

 

Sak 8/2013 Eventuelt

Ingen saker

Leave a Reply